Fyrstesida | Meg | Bileter | Lenkjer | Endringsliste | Blog

Oversikt over endringar

Her kjem eg til å legge inn endringar eg gjer på sida.

02.12.2008
Har i dag endra litt på innhaldet under beskrivelsen av meg sjølv, samt fjerna nokre bileter. Ser at det faktisk er over to år sidan sist eg har oppdatert sida.

08.10.2006
Har lagt til ein ny seksjon på sida mi. Prosjekt er meint som ein stad der eg legg ut informasjon om forskjellig, eg er ikkje sikker på om prosjekt er eit godt ordvalg, men eg trengde noko for å legge skritteljar resultata mine under (og dette med skritt er deinitivt eit prosjekt ;) ). For sjå kva tida bringer, om det kanskje vert fleire prosjekt med tid og stunder. Foreløbig kan du gå inn å sjå korleis det gjeng med gåinga mi. Eg skal prøve å legge inn kvar dag på resultatlista, men vi for sjå korleis det går :). Eg har også laga ei gjestebok til sida, og eg set pris på om den vert brukt :)

03.09.2006
No har eg gjort nokre små endringar, ulike småkryp repareringar, og dei som nyttar Internet Explorer kan no sjå heile sida mi. I tillegg har eg lagt inn ein link til eit spel eg likkar svært godt. Denne kjem opp som reklame på alle sidene (planen er å lage ein funksjon som kan få gøyme denne om du vil, men vi får sjå kva som skjer).

12.05.2006
Eg har no laga ein artig liten funksjon som kjenner igjen om du har besøkt sida mi, og som endrar innhaldet på hovudsida utifrå dette. Måten sida mi kjenner deg att på er ved hjelp av cookies, desse igjen vert sett ved setcookie i PHP. Om du har besøkt sida mi før vil du i tillegg til å få ein forkorta versjon av framsida (du kan fortsatt få sjå innhaldet som dei nye besøkande får sjå ved å trykkje på ein link), få sjå kor monge gongar du har besøkt sida. sida tel besøket ditt kvar gong du besøkar Fyrstesida. Naturleg nok vil denne teljaren verte nullstilt om du slettar cookies på maskina di. Og normalt sett har kvar browser sin eigen plass å lagre cookies. Ein annan ting eg har gjort er å klargjere nerdesida mi for fleire undersider. Har også lagt bileta under denne katgorien på ei eiga side.

07.05.2006
No har eg pynta litt på lenkje sida mi. Eg la til litt grafikk, og moglegheita til å skrive litt meir utfyllande kommentar og vise logoar den aktuelle sida på ein litt ryddigare måte. I tillegg pynta eg litt på blog delen. No når du vel ein blog vil det kome ei rame rundt bloggen, og du vil fortsatt ha lista over innlegg lenger nede på sida. Eg har også laga til RSS funksjon på sida mi, slik at om du nyttar ein browser som støttar RSS kan du legg til feeden min. Då vil du enkelt kunne sjekke kva som er det siste innlegget i bloggen min.

05.05.2006
Har finpussa ein del på bloggen min. No fungerar det aller meste heilt integrert med sida mi. Det eg ikkje heilt har fått til enda er RSS Feed på bloggen. Når eg har fått til den kan du få ei enkel oversikt over nye innlegg utan å gå inn på sida mi.

04.05.2006
Har lagt til ein blog på sida mi. Dette med blog er eit relativt nytt fenomen. Prinsippet er at ein skriv innlegg og publiserar det for allmenn interresse. Slik det no er ligg bloggen min på ei eiga side. Ein kan tryggt seie at den er i betaversjon enda, men forhhåpentlegvis vil eg få det til ein gong:)

03.05.2006
Har endra ein del av den bakomliggande koda, leika meg med ein strpos() for korleis sida finn ut kva undermeny du skal få sjå. I tillegg har eg lagt til eit menyvalg til under Nerdesida mi kjem eg til å legge ut forskjellig som har med data å gjere, gjerne av nerdekarakter, derav navnet. Dei stakarane som no prøver sida mi med Internet Explorer for i stadan for sidetittelen: Critical Error Detected: Internet Explorer detected. Håpet er at heile verda skal bytte til noko anna!:)

23.04.2006
Har i kveld endra litt på desginet, kvitta meg med ein god del tabellar, og hindra brukarar av Internet Explorer å sjå sida mi (desse brukarane vil få opp ei side der eg anbefalar dei å bytt browser uansett kva
menyvalg dei gjer). Har også lagt til farge på meyen og underlinja, og lagt til denne sida som heiter endringsliste.










































Valid HTML 4.01! Valid CSS!