Dette er eit gamalt bilete av meg. Eg er for tida ca. 9163 dagar, 12 timar, 51 minutt og 32 sekund gammal, eller ca. 25.1 år, og jobbar som IT-Konsulent i eit firma ved navn Datatech AS, i Fosnavåg. Eg bur på Eggesbønes i eit flunkandes nytt hus. Eg kjem nok ikkje til å endre teksta på denne sida so ofte, men du kan sjekke om eg har skreve meir om meg sjølv under blog sida mi.
Dei siste åra har eg hatt fleire versjonar av heimesida mi, og eg har faktisk samla på dei fleste. Du kan finne den fyrste (som var eit Frontpage prosjekt på skulen) på denne adressa: http://old.gunders.org (sida er på engelsk). Den eg erstatta denne med ligg på denne adressa: http://blacktux.gunders.org/ (også på engelsk). Og den førre sida eg hadde ligg under denne linken: http://old1.gunders.org.Ei anna side eg har liggande her er heimeside vi laga på IKT-driftsfag i Ålesund. Den ligg fortsatt på den midlertidige plasseringa: http://skule.gunders.org/. Eg trur ikkje den nokon gong vart brukt til det ho var meint for, noko eg tykkjer er synd. Eg var godt nøgd med designet. Det var eg og Pål Driveklepp som laga den, og resten av klassa skreiv innhaldet.